Otra-hytta

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. september 2014 kl. 17:50 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (rettet skrivefeil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Otra-hytta var ei hytte som Otra IL bygde ved StoretjønnSenumsheia, ca to kilometer innom toppen av skiheisen på Byglandsfjord, i 1972-1973. Hytta hadde ei grunnflate på 160 kvadratmeter, og inneheldt peisestove, ein liten kafeteria, fem soverom, to vaskerom og i tillegg lagerrom og kjellar. Vinterstid skulle hytta bli ein samlingsstad for skifolket som kom til fjells med heisen. Sal av kioskvarer skulle gje inntekter til laget og lagsdrifta.

Hytta blei opna for publikum i månadsskiftet februar/mars 1973.

Drifstresultate varierte frå år til år, og var svært avhengig av at snøen kom og heisen gjekk. Utover i 1970- og 1980-åra var det fleire snøfattige vintrar, og drifta leid under det.

På årsmøtet i Otra IL hausten 1989 vart det vedteke å velje ei nemd som skulle vurdera framtida til Otra-hytta. I 1997 rådde styret i Otra IL årsmøtet same haust til å selje hytta. I 1999 blei ho så seld til grunneigaren i området, Olaug Åsen.

Kjelde

Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, jubileumsbok utgjeven av Otra IL, 2010, s. 48-53