Ose Turistheim

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Ose Turistheim 18. februar 2017.

Ose Turistheim ligg på Ose. Noverande bygning vart bygd i 1909. Han er Setesdals eldste turiststasjon som framleis er i drift.

Ose Turistheim er eit intimt lite hotell med 6 gjesterom og 14 senger. Både innvendig og utvendig har turistheimen behalde sin originale karakter.

Bygland kommune eig Ose Turistheim. Signe Røinås dreiv staden saman med Julia Stray i mange år. Etter ein kort pause, er drifta starta opp att vinteren 2020. Leigetakar er Agder Overnatting ved Roald Klungland. Signe Røinås står framleis for dagleg drift.

Kjelder