Ormsavatnet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 31. august 2015 kl. 08:44 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Store Urevatn)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ved utlaupet av Ormsavatn
Ormsavatn sett mot Odden
Foto: Reidar Tveito
Betongdammen frå 1991
Foto: Reidar Tveito
Damstova ved utlaupet
Foto: Reidar Tveito

Ormsavatnet er eit vatn som ligg i Bykle kommune i Aust-Agder. Vatnet ligg 868 moh og er 3,11 km². Ormsavatn er regulert med 11,5 meter og renn ut i Vatndalsvatnet. I tidlegare tider var det vanleg med ferdsle av folk mellom Vatndalen i Bykle og Bråtveit i Suldal. Då nytta ein anten båt etter vatnet, eller fylgde stien langs nordaustsida. Denne er i dag ute av bruk og heilt attgrodd.

Regulering av Ormsavatnet

Vatndalsvatnet var allereie regulera før ein tok til med regulering av Ormsavatn, som ligg ovanfor i vassdraget. Både Hunsfos Fabrikker og Kristiansand Elektrisitetsverk hadde for lite vintervatn frå 1945 og i åra framover, og ei regulering av det store Ormsavatnet var ynskjeleg. Reguleringsplanar for Store- og Lisle Urarvatn og Ormsavatn vart utarbeidd av Gøte Furuholmen, og konsesjon vart gjeven 3. juni 1948.

Tredam. Med ein demning av trevyrke vart Ormsavatn heva opp med 2 meter, og samstundes vart det sprengd ein tunnel på 360 meter som fekk ei tappeluke. Dermed fekk ein ei senking på 9,5 meter, og såleis ei samla reguleringshøgde på 11,5 meter. Arbeidet vart ferdigstella i 1951.

Betongdam. 30 år seinare var det tydeleg at det måtte til omfattande vølingar på denne tredammen, og det vart til at ein bygde ein ny dam av betong sommaren 1991. Denne er 7,2 meter høg og har ei lengde på 68 meter. Reguleringshøgda er den same som tidlegare. Saman med dette anlegget kom det også ein 600 meter lang bilveg opp frå Vatndalsvatn. Den gamle damstova vart òg pussa opp.

Ormsa kraftverk. Det vart i si tid laga eit forprosjekt for å nytta ut fallet mellom Ormsavatn og Vatndalsvatn, samstundes med overføringsvatnet frå Førsvatn. Kraftstasjonen var planlagt inne i fjellet ein stad, men prosjektet vart til slutt lagt på is.

Kjelder

Kart

Laster kart...