Olav K. Sandnes

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. desember 2020 kl. 00:08 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav K. Sandnes
Født: 30. mars 1901
Død: 15. desember 2005 (104 år)

Olav K. Sandnes (fødd 30. mars 1901, død 15. desember 2005) var bonde på bnr. 4 på Nordre Sandnes i Sandnes i Bygland. Han bruka garden i mange år saman med faren Knut, men fekk grunnboksheimel først i 1957. Den siste tida han levde budde han på Byglandsheimen. Han var eldste barnet til landhandlar og bonde Knut O. Sandnes og Sigrid. I 1927 gifta han seg med Tora Sandnes, fødd Lund. Då han døydde, 104 år gammal, etterlot han seg barn, barnebarn, oldebarn og tippoldebarn. I heile Bygland kjenner ein ikkje til nokon mann som har blitt eldre, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt.

Etterkomarar

Olav og Tora fekk tre born; Sigrid O. Ose, Gudrun Neset og Knut O. Sandnes d.y.

Kjelder