Olav Arne Lauvdal
Hopp til navigering
Hopp til søk
Olav Arne Lauvdal | ||
---|---|---|
Født: | 31. januar 1948 | |
Død: | 24. januar 2020 (71 år) |
Olav Arne Lauvdal (fødd 31. januar 1948, død 24. januar 2020) var kontrollør i Agder Energi. Han var utdanna ingeniør frå Grimstad og budde i barndomsheimen på Bygland til han vart pensjonist. Då flytta han til sambuaren Margot Høyland på Nærbø. Då han etter kvart vart sjuk, budde han på Klokkarhagen sjukeheim på Varhaug den siste tida. Han etterlet seg Margot, søstera Ingebjørg Lauvdal Homme og annan familie. Gravferda var i det stille. Han er gravlagd på Bygland kyrkjegard etter eige ønske.
Kjelde
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 10, 2020 side 2
- Opplysningar på telefon av Ingebjørg Lauvdal Homme 7. februar 2020