Olav Andreas Vatnestrøm

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Olav Andreas Vatnestrøm
Født: 29. mars 1925
Død: 15. august 2014 (89 år)

Olav Andreas Vatnestrøm (fødd 29. mars 1925, død 15. august 2014) var ordførar i Iveland kommune frå 1962 til 1968, etter å ha vore varaordførar frå 1960. I hans tid som ordførar kjøpte kommunen frå Olav Landsverk etter einstemmig vedtak i kommunestyret det som vart starten på Iveland kommune si mineralsamling. Han starta sjølv også å samle mineral på 1970-talet og innreidde eit eige rom i uthuset til mineral med nøyaktig og sirlig omtale på informasjonslappar. Denne samlinga kjøpte Iveland kommune av han i 2009.

Biografi

Han var fødd på Frostemyr og dreiv garden der saman med kona Anne Hjørdis Vatnestrøm. Dei fekk to barn, Inger Lise og Bjørg. Hans engasjement for Senterpartiet gav han verv som leiar av Iveland Senterparti. I fire år var han også leiar av Aust-Agder Senterparti. Som ordførar var han medlem av Fylkestinget i Aust-Agder, som på den tida var sett saman av ordførarane i kommunane. Han var kommunen sin representant i mange ulike verv, mellom anna i Aust-Agder kraftverk. Til saman var han i Iveland kommunestyre i 16 år.

Jobben som lensmann, som han tok over etter faren i 1965, førte til at han måtte redusere sitt politiske engasjement. Frå 1970 var han også lensmann i Vennesla. I 1990 gjekk han av med pensjon frå stillinga. Gravferda var frå Iveland kyrkje 26. august 2014.

Heder

  • Veteranmedaljen for tjeneste i Tysklandsbrigaden 2002
  • Forsvarets medalje for internasjonale operasjoner 2002
  • Kongens Fortenstmedalje i gull 1990
  • Kommunenes Sentralforbunds Hederstegn 1984

Kjelder og eksterne lenker