Ola Øyvind Løyland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. oktober 2017 kl. 18:42 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Ola Øyvind Løyland)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ola Øyvind LøylandSymbol unrelated.svg
Født: 25. februar 1996 (28 år)

Ola Øyvind Løyland (fødd 25. februar 1996) gjekk på KVS Bygland og Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes. Etter å ha arbeidd som snekker, fekk han jobb hos Nomeland Anlegg. Han er frå Valle, son til Knut Løyland og Ingeborg Løyland. Ola Øyvind Løyland er ein av ungdommane i Valle som har engasjert seg i Reimarmoen mekkeverkstad og fortalde om det i Onsdagssending i Valle Radio 20171018.

8. mars 2016 var Ola Øyvind Løyland på snøscootertur saman med seks andre ungdommar i lia ovanfor Tveitebø då han vart teken av eit snøskred som følgjet løyste ut. Han vart gravd fram av dei andre i følgjet etter 15-20 minutt og sendt til sjukehuset i Arendal. For ulovleg køyring fekk dei sju seinare kvart sitt forelegg på 7000 kroner.

Kjelder