Oktogonal kyrkje

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. februar 2024 kl. 14:55 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Utvidet litt)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hylestad kyrkje er døme på ei oktogonal kyrkje i Setesdal.

Ei oktogonal kyrkje er ei kyrkje der kyrkjeskipet sitt grunnplan inkluderer ein oktogon (ein åttekant). Det finnast variantar av planforma ved at åttekanten er påsett armar i lengderetning (som ei langkyrkje) eller på tvers (som ei korskyrkje). Dei fleste åttekantkyrkjene er oppført av lafta tømmer.

Planforma har mellom anna bakgrunn i den protestantiske gudstenesta si vekt på preika og ønsket om eit ope kyrkjerom med gode forhold for tilhøyrarane. Åttekantforma gir òg mykje golvareal i høve til medgått material. Tømmerstokkane si lengde kan ha avgrensa moglegheiten til å sette opp store rektangulære bygg. Dei opphavelege førebileta finnast truleg lenger sør i Europa, men overføringa til norske tilhøve gav ein eigen norsk stil.

Kjelder