Norsk Feltspat Co
Norsk Feltspat Co var eit aksjeselskap som blei skipa i Evje i 1913 med føremål produksjon, oppkjøp og sal/eksport av feltspat, kvarts og andre mineral. Skiparar var driftsstyrar i Flåt gruve, Gudbrand A. Henriksen, ingeniør Birger Thorkildsen, trelasthandler Johan Hegland, stiger i Flåt-gruva Søren Østerhus og kasserer Tellef G. Stien.
Den første daglege leiaren var Gudmund Henriksen. Birger Thorkildsen overtok leiinga då det var driftsstans i Flåt gruve 1920-1927. Etter at nikkelgruva kom i drift igjen, overtok Tellef G. Stien som disponent. Han var drivkrafta i selskapet i åra som fylgde. Den framifrå gruvemannen Elias Jerstad var arbeidsformann og nestkommanderande, ei stilling han hadde i mest 35 år frametter.
Straks etter skipinga sette selskapet i gang drift i Jokelidgruva (Landsverk I) og Flåtfjellet gruve, som ligg attmed nedre slamdeponiet på sida mot Tveit-grenda og berre 100 meter frå Tveitgruva. På 1920-talet var det mest 100 tilsette i Feltspatkompaniet.
Høgetveitgruva var ei av dei beste feltspatgruvene i Evje. Feltspatkompaniet overtok drifta i 1927, men då var det mest berre kvarts igjen i gruva. I Bjønnækra feltspatgruve på Åmland dreiv Feltspatkompaniet og stort etter feltspat.
På slutten av 1940-talet og byrjinga av 1950-talet fall mange av skiparane av Feltspatkompaniet bort. Nils Østerhus, son til Søren Stiger, tok over selskapet i 1954. Han var dagleg leiar i selskapet fram til 1990-talet. Regnskapa førde han heilt til 1999, då han var 90 år gamal.
Den gruva der det utan samanlikning er teken ut mest feltspat i Evje, er Liegruva. Feltspatkompaniet overtok drifta av denne gruva på 1950-talet. Ei stund var ho Noregs største feltspatgruve, med opp mot 20 mann i arbeid. Samla uttak i dei åra Feltspatkompaniet dreiv gruva, er på meir enn 150.000 tonn. 1993 overtok familien Kalleberg drifta.
Etter at Feltspatkompaniet slutta drifta i Liegruva, vart selskapet nedlagt nokre år ut på 2000-talet.
Kjelder
- Erik Kjebekk, Feltspatkompaniet - hundre år sidan starten, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes sogelag, 2013, s. 57-67