Nordstemmen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. oktober 2024 kl. 06:45 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordstemmen er ein smal, men ganske lang steinstem som blei sett opp i Nordåna (Skrelandsåna) ved Tangen i Bygland, truleg i 1905.

Nordåna var flotingselv frå Skrelandsbrua og sørover. Åna blei demd opp for å skaffe vatn til flotinga. Utbygginga av kraftverk i Setesdal, og den tilhøyrande vassdragsreguleringa, gjorde slutt på flotinga av tømmer i Otra og etter kvart også i sidevassdraga.

Kjelder

Kart