Nordbygdi

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. september 2022 kl. 16:22 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Garden Nesland i Nordbygdi før oppdemminga av Botsvatn.

Nordbygdi er ei grend i Bykle kommune, ved Botsvatn, vest for Otra og Riksveg 9. I Nordbygdi ligg mellom anna gardane Holen, Tveiti og Nesland. Den indste delen av vatnet og gardane der blir kalla Botnen. Her ligg Brotteli, Bratteland og Dysje. Store delar av grenda vart fråflytta ved oppdemminga av Botsvatn mot slutten av 1970-åra, og ein finn no mest hytter i området.

Historie

Ut fra arkeologiske funn kan det vere grunn til å tru at Nordbygdi kan ha den eldste busetjinga i Bykle. Det er funne fem plassar der arkeologane meiner det har vore steinalderbustadar: Klomri, Umba, Ryningsstøylen, Strond og Håvreisundet.

Utgravingar på Skarg gav sikre prov på at det alt i folkevandringstida var fast busetting med fedrift og åkerbruk i Nordbygdi.

Litteratur

Kjelder

Kart

Laster kart...