Njardarheim

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. juli 2017 kl. 00:23 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (→‎EigedomaneNjardarheim, side 8-17: lenke Aurådalsbeitet)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Njardarheim («Heibergheiane») er ein svær eigedom staten eig i Setesdal Vesthei, i grenseområda mellom Setesdal og Sirdal, Hjelmeland og Forsand i Rogaland. I sør strekker eigedomen seg til Øyarvatnet i Hylestad. I nord går han langt inn i Bykleheiane, til gardane Brotteli og Dysje ved vestre enden av Botsvatn. Arealet omfattar mange mindre eigedomar og bruksnummer, men er samanhengande og utgjer totalt 810 kvadratkilometer.

Statskog har forvaltningsansvaret for eigedomen.

Historie

Forretningsmannen Thorvald Meyer Heiberg (f. 1875, d. 1962) frå Oslo kjøpte i åra 1904-1915 i stort omfang opp ulike eigedomar i grenseområda mellom Setesdal og Sirdal. Til slutt eigde han eit heieområde på rundt ein million dekar. Oppkjøpa var i første omgang truleg mest økonomisk motiverte. Heiberg såg føre seg utleige av jaktrettar. Etter kvart vart Heiberg meir og meir fokusert på villreinen si sak.[1]

I 1943 selde Heiberg heile heieområdet til NS-styresmaktene. Eigedomen blei overført til «Stiftelsen Njardarheim Veidemark» ved kjøpekontrakt og skjøte dagsett 10. februar 1943.[2]

Etter krigen overtok først Erstatningsdirektoratet ansvaret for eigedomen. I 1951 overtok Landbruksdepartementet leiinga. Det var eit eige oppnemnd styre som hadde det utøvande ansvaret. I 1973 blei ansvaret for forvaltinga av Njardarheim overført til Miljøverndepartementet. Men det var framleis eit eige styre som førte tilsyn med eigedomen. I 1985 overtok Direktoratet for Statens Skogar forvaltingsansvaret.[3]

Eigedomane[4]

  • Lyseheiane (Lyse)
  • Bratteli (Bykle)
  • Øvre Suleskarshei (Sirdal)
  • Kleggedalsheia (Lyse)
  • Holmevassheia, austre (Sirdal)
  • Førreheia (Hjelmeland)
  • Store Suleskarshei (Sirdal)
  • Kyllingstadheia (Sirdal)
  • Dyngjanhei (Sirdal)
  • Dysje (Bykle)
  • Aurådalsbeitet (Bykle)
  • Ljosådalsbeitet (Valle)
  • Hestebeitet (Valle)
  • Taumevassheia (Sirdal)
  • Sigurdshedlaren og Kilenstrendene (Sirdal)
  • Heddelene (Valle)
  • Øvre Brokkehei (Valle)
  • Uppstadhei (Valle)
  • Nomelandsheia (Valle)
  • Nedre Brokkehei (Valle)
  • Rysstadheia (Valle)

Litteratur

Referansar

  1. Magnar Undheim, Njardarheim, utgjeve av Kvæven Bygdetun, 1999, side 52-54
  2. Njardarheim, side 119-122
  3. Njardarheim, side 123-138
  4. Njardarheim, side 8-17