Nesodden

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravrøys ligg strategisk plassert ved innseglinga til Urdviki, og med vidt utsyn sørover fjorden.

Nesodden stikk ut i Byglandsfjorden frå aust, ved Lislestraumen vest for Nesmoen i Bygland. På vestre sida av fjorden stikk det også ut to små nes. Det er såleis bare eit smalt sund som skil austbreidda av fjorden frå vestbreidda her. Midt i sundet ligg Fosskarøya. Nord for sundet ligg Urdviki.

Fornminne

På den søre spissen av odden, i vestre enden av Gullsand, ligg ei gravrøys. Ho er låg, og har ein diameter på ca. 7 meter. Plasseringa er strategisk ved innseglinga til Urdviki mot Storstraumen. Alderen på røysa er ikkje nærare fastslege. Men på Nånesodden litt lenger sør i Byglandsfjorden ligg ei røys som er vitskapleg tidfesta til yngre bronsealder. På andre sida av fjorden for Nesodden, ved KotedekkanSkomedal, ligg det også ei stor røys.

Sjå også

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...