Nåvatn dam IV

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. juli 2021 kl. 07:51 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (BIlde av dammen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dam IV i eit nedtappa Nåvatn 28. juni 2021.

Nåvatn dam IV er ein platedam i armert betong ved utlaupet av det opphavelege Nåvatn i Åseral. Dammen blei bygt i 1940–1942, og demte saman med tre andre nærliggande dammar opp Nåvatn til magasin for Skjerka kraftverk.

Etter bygging av Dam Skjerkevatn og Dam Heddersvika (fullført 2018) og heving av Øvre Skjerkevatn med 23 meter, er Skjerkevatn og Nåvatn blitt eitt stort samanhengande magasin, og dam IV ved Nåvatn har ikkje lenger ein praktisk funksjon. Men dammen står att i landskapet som eit kulturhistorisk minne.

Kjelder

Sjå også


Kart

Laster kart...