Nåvatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. desember 2021 kl. 20:41 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nåvatn er ein lang og smal innsjø på heia vest for Ørevatn i Åseral i Vest-Agder. Vatnet er regulert som magasin for Skjerka kraftverk.

Historie

Innsjøen blei opphaveleg demt opp i sørenden med fire demningar, og magasinet omfatta fleire tidligere separate innsjøar, som Sandvatn og Svartevatn.

I tida 2016–2019 skjedde ei større utbygging av kraftanlegget, med ny steinsfyllingsdam i Heddersvika ved Nåvatn. Prosjektet omfatta også ny steinfyllingsdam i Øvre Skjerkevatn, med heving av vassflata i det vatnet med 23 meter. Skjerkevatn og Nåvatn vart etter utbygginga eitt samanhengande magasin. Av dei fire gamle betongdammane ved Nåvatn står tre att. Den gamle betongdammen ved Skjerkevatn blei riven.

Kjelder

Kart

Laster kart...