Myri (Bykle gnr. 12 bnr. 1)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Myri (Bykle gnr. 12 bnr. 1) er eit gardsbruk i matrikkelgarden Holen i Nordbygdi i Bykle. Myri var det opphavelege hovudbølet i garden. Heile innmarka på bruket blei sett under vatn ved den siste oppdemminga av Botsvatn midt på 1970-talet.
Holsloftet kom frå Myri. Støylen Kaupmannsbui høyrer også til Myri.