Myhola

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. april 2021 kl. 15:37 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ekstra kilde)
Hopp til navigering Hopp til søk

Myhola er eit nedlagt gardsbruk (gnr. 6 bnr. 5) i garden Ånebjør i Bygland vesthei, om lag to kilometer aust for Beinsvatnet nær grensa til Åseral. Arealet skal vere godt og vel 8 000 mål. Den siste fastbuande i Myhola var Bjørgulv Myhola (f. 1872, d. 1968), ein mykje særmerkt mann som var kjent over heile landsdelen. Bjørgulv flytta frå staden i 1917.

Historie

Gardsbruket var først støyl under Ånebjør. Orm Knutson Stranden (f. 1776, d. 1853) fekk bruke staden som husmannsplass frå 1822. Knut Ormson Myhola (f. 1805, d. 1868), son til Orm, fekk kjøpe Myhola i 1837. Då han døydde i 1868, gjekk bruket på auksjon til Tor Olavson Viki. Han flytta truleg aldri til Myhola, og selde bruket vidare til Svein Bjørgulvson i 1870. Svein var son til Uppstad-kjempa Bjørguv Eivindsson Uppstad. Mora var Sigrid Olsdotter Tveiten. Han dreiv med krøtterhandel. Han ala opp stutar som han selde, og brukte stutar som trekkdyr. Han døydde i Myhola 20. april 1903, og sonen Bjørgulv Myhola overtok gardsbruket. Han selde bruket til fru Margit Jebsen i 1916, og flytta altså frå Myhola året etter.

Fru Jebsen fekk ikkje konsesjon på kjøpet av Myhola, og ho selde bruket vidare til Olav L. Arneberg og Knut L. Arneberg alt i 1917. Dei eigde Myhola til 1932. Då tok Svenke Bjørgulvsen bruket tilbake etter odelslova. Svenke budde ikkje fast i Myhola, men var der om somrane og gjætte og slo.

I 1968 selde Svenke Myhola til Erik Gilbert Jebsen, eldste son til Oscar Jebsen. I 1974 tok Peter Mentz Jebsen over bruket etter far sin. Heimelshavar i dag (2017) er Tom Erik Jebsen (f. 1957).

Kjelder

Kart

Laster kart...