Mosby

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. september 2024 kl. 06:46 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mosby er ein stad og eit delområde i Kristiansand kommune, i Torridal, om lag 9 km nord for bysentrum i Kristiansand.

Riksveg 9 går gjennom Mosby]]. Setesdalsbanen gjekk også forbi Mosby, med stopp på [Mosby stasjon]]. Otra var den dominerande trafikkåra mellom Kristiansand og opplandet i eldre tid. Frå Evje nikkelverk kom det nikkelprodukt med hest til Mosby dampskipsbrygge. Derfrå gekk trafikken vidare til Kristiansand med store føringsprammar. I retur blei det frakta kol og koks til smelteverket på [Evje]]. Når setesdølane var på bytur langs Fjellmannsvegen og seinare Postvegen, kunne dei leige båtskyss frå Mosby til Kristiansand.

Kjelder

Kart

[Kategori:Stadnamn i Kristiansand]]