Moisund bru

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. mai 2022 kl. 17:42 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Presisert en kategori)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Moisund bru over Otra med Straumsøya i framgrunnen til venstre.
Moisund bru sett frå austsida av Otra.
Brua under bygging.
Foto: Kjell Høgenes, faksimile frå Agderposten

Moisund bru er ei fritt frambygd spennbetongbru over OtraFylkesveg 419 mellom Moisund og Klepp i Evje og Hornnes kommune. Lengda er 108,3 meter og sjølve spennvidda er på 67 meter. Brua vart bygd i 1969 til ein kostnad på 1,1 mill kroner. Ved å nytta forspent betong kunne ein byrja bygginga samstundes på begge sider til ein møttes på midten. Ein slapp då omfattande forskalingsarbeid over elva. Det var entreprenørfirmaet Høyer Ellefsen som hadde arbeidet.

Før brua kom, gjekk det ferje over Otra mellom Moisund og Klepp. Det hadde vore ferjedrift her sidan 1945, og var i 1969 den siste bilferja i Aust-Agder.

Kart

Laster kart...

Kjelder