Minnesteinen ved Flåt gruve

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. september 2024 kl. 04:15 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Presisert en kategori)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Minnesteinen ved Flåt gruve.

Minnesteinen ved Flåt gruve er reist til minne om dei som omkom i arbeidsulukker i Flåt nikkelgruve og Evje nikkelverk 1872–1946. Då minnesteinen blei reist, trudde ein at i alt 18 menn hadde sett livet til i desse ulukkene. Men under arbeidet med sitt store verk om gruvedrifta i Setesdal fann Sigmund Monen fram til eitt namn til, Isak Jonassen. Han vart skada i ei ulykke 15. juli 1904, og døydde på sjukehuset i Kristiansand eit par dagar seinare. Namnet til Isak Jonassen vil difor truleg så snart som råd bli sett inn på minnesteinen.[1]

Det er Evje og Hornnes Sogelag som har reist steinen. Det er ein enkel stein ut av fjellet dei arbeidde i. Han er plassert innmed den gamle gråsteinstippen, som i dag er eit av dei siste handfaste minna om det slit som ein gong var.

Minnesteinen vart avduka ved ei høgtideleg tilstelning sundag 9. september 2001. Det var ei gripande høgtidsstund. 350 menneske var møtt fram. Leiar i sogelaget på den tid, Bernt Gautestad, heldt tale. Tormod Kjebekk tok duken bort frå minnesteinen. Tormod er son til den siste som omkom i gruva, Olav E. Kjebekk. Etter avdukinga la den siste attlevande ektefellen til nokon av dei omkomne, Tordis Kjetså, ned blomekrans ved bautaen. Tordis var gift med Tellef Nilsen Håkedal. Han omkom 17. oktober 1940. Dotter til Tordis Kjetså, Nora Andersen, gav blomar til leiaren av sogelaget som takk frå slektningane til dei omkomne, for arbeidet med å reise minnesteinen. Ordførar Bjørn Ropstad i Evje og Hornnes kommune var tilstades. Kommunen hadde teke på seg ansvaret for framtidig vedlikehald av steinen. Bernt Gautestad takka ordføraren for dette, og overlot ansvaret for steinen til kommunen.

Dei omkomne

Kjelder

Referansar

  1. Sigmund Monen, Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 49