Minnesteinen over Tarkjell Aslakson Austad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. november 2024 kl. 07:16 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

"Minnesteinen over Tarkjell Aslakson Austad er ein bautastein over meisterspelemannen Tarkjell Aslakson AustadAustad gamle kyrkjegard i Bygland.

Avdukinga skjedde i samband med ei stort spelemannsstema på Austad 23. juni 1912. Båtane på Byglandsfjorden, DB Bjoren og DB Dølen, gjekk ekstraturar både frå Bygland og Byglandsfjord, fullpakka med stemnefolk. Så mykje folk hadde det aldri vore på Austad før, folk kom ikkje bare frå Setesdal, men frå andre dalføre òg. Skulelærar, seinare stortingsmann Aasulv Eivindson Lande og diktar Gunnar Rysstad tala på stemna. Fleire andre hadde også ordet. Song og spel var det i mengdevis. Jon Bjørgulvsson Rysstad skreiv songen Kvi stend me her og kved i dag og [Knut K. Austad]] skreiv også ein song til festen.

Eivind D. Aakhus hadde teke initiativ til å samle inn pengar i USA. Han sende 73 dollar til Norge, det strekte godt til. Steinhoggarane Tønnes Larson og Gunnar Larson gjorde arbeidet rimeleg, og bygdefolk drog steinen ned frå fjellet og reiste han opp.

Kjelder