Minnesteinen over Pål Eiken

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. november 2024 kl. 16:35 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Minnesteinen over Pål Eiken er ein bauta reist ved Eiken kyrkje til minne om Pål Eiken (1903–1944), som var ein sentral Milorg-mann i Eiken under andre verdskrigen.

Då krigen braut ut var han ordførar i Eiken. Han blei arrestert av det tyske Gestapo natt til 21. mars 1944. Etter ti dagar med skjerpa forhøyr og særs grov tortur døydde han på Kristiansand sjukehus.

Bilethoggaren Ingolv Berulvson forma bautaen. Han blei avduka søndag 22. september 1946. Om lag 1500–2000 menneske skal ha vore samla.

Kjelder