Lundeskogen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. februar 2026 kl. 12:51 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lundeskogen var ein skogteig på 1700- og 1800-talet som utgjorde 2/3 av skogen til garden Lunden med Brokka nord i Valle. Teigen hadde løpenummer 57 i den gamle matrikkelen. I 1856 blei skogen delt i fire. 1/8 fekk nytt bnr. 8. Resten blei delt på dei tre dåverande bruka på garden.

Kjøpmannen og trelasthandlaren Peder Clausen Topdal slo til seg skogen i 1712. Etter fleire mellomliggjande handlar, der skogen sist (1847) var verdsett til 205 spd., fekk bøndene kjøpe skogen attende i 1853. Prisen var 2750 spd, ein prisauke på 1341 % etter siste handelen for seks år sidan. Historia om Lundeskogen er eit nokså talande døme med omsyn til korleis bøndene gjerne kom ut av det når det gjaldt vendingar med tømmerspekulantane, heiter det i Valle kultursoge.

Kjelder