Lunden (Valle gnr. 22)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Lunden med Ruafjødd i bakgrunnen 27. desember 2018. Gardsbruket i høgre biletkant er Brokka.
Rv-9 gjennom Lunden.
Foto: Geir Daasvatn

Lunden er den nordlegaste garden i Valle kommune på austsida av Otra. Nabogarden i nord er såleis Bjørnarå i Bykle. I sør og aust grensar garden mot Flateland og Rygnestad. På heia er det også grense mot Sygard Homme. I vest ligg Otra og på andre sida der Røysland. Brokkås stig bratt opp austafor garden. I nord og vest ligg Ruafjødd og Reimarmofjellet. Veiåni renn nordafor garden.

Historie

Gamalt kvernhus i Veiåni.
Foto: Geir Daasvatn

Garden er gamal, truleg minst frå før år 1000. Det høyrde ikke så få støylar til han, mellom anna Juv, Brakamo, Rindebakken, Faghodd, Veiåstøyl, Husebø, Håvestøyl, Nyestøyl, Tårvik og Finnsarv. Folka på garden reiste til støylane som låg lengst aust rundt jonsoktider. Etter fleire veker der, var dei tre vekers tid på heimestøylane. Dei kom heimatt til garden omlag på den tid skeidet vart halde. Det var siste søndagen i august. Slåttene låg eit stykke heimanfrå, ved Tårviksvatnet og Revstjønn, og nokre litt lenger heime. Kvernhusa var i Veiåni. I den elva var det også sag.

Arne Ulvsson, som levde på andre halvdel av 1500-talet, er den første kjende brukaren i Lunden.

Kjelder

Kart

Laster kart...