Lokalhistoriske perler. På tur med Oddmund Mogstad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. desember 2018 kl. 12:27 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenker)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Framsida.

Lokalhistoriske perler. På tur med Oddmund Mogstad er ei bok der Evje og Hornnes Sogelag har samla stykke skrive av Oddmund Mogstad (1929-2014). Stykka Oddmund skreiv i Setesdølen før vandreturar sommarstid i skog og mark etter gamle ferdslevegar og til tufter etter gamle buplassar i lokalmiljøet, hovudsakleg i Evje og Hornnes og Bygland, utgjer hovudtyngda i boka. Men turane går også innom Valle, Åseral, Grindheim, Bjelland, Iveland og Mykland. Boka inneheld mange bilete, både gamle og nyare bilete frå vandreturane. Dei fleste turane er blitt avmerkte på kart, som er plasserte saman med omtalen av dei einskilde turane. I innleiinga til boka har Erik Kjebekk skrive ein brei omtale av veterinæren og historikaren Oddmund Mogstad og livet hans.

Boka er utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2018. Design og tilrettelegging er ved Jostein Wasbø. Karta er lagt til rette av Kåre Hodne. 208 sider. ISBN 978-82-992203-8-5.

Innhald

  • Oddmund Mogstad. Veterinær og historikar. Av Erik Kjebekk
  • Frå Beinsvatn i Logndalen til Skåmedal
  • Vegar frå aust til Eve og Hornnes
  • Grenda ved Børndalsvatnet
  • Bertesknapen
  • Vegen frå Tveit i Hornnes til Abusdal
  • Den gamle byvegen
  • Stongvegen - Håhelleren
  • Futevegen
  • Vatndalen
  • Husmenn og husmannsplassar på Kallhovd og Uleberg
  • Ferdslevegar på vestsida av Otra mellom Fennefoss og Senum
  • Dammen i Prestegardsmarka
  • Vegen Evje - Iveland før 1840
  • Tur til Gjengninghei
  • Kosvatnet
  • Grenda ved Høvringen
  • Byvegen til åsdølane. Butveit, Sveindal, Hattefoss, Abusland
  • Husmannsplassar under gardane Hornnes og Kjetså
  • Steinsfjell
  • Vikstøl
  • Vassend og Gautestadheiane
  • Veten på Vorehei og garden Moi i Hornnes
  • Bjorå
  • Garden Ås i Hornnes
  • Byvegen frå 1840, frå Moi til Kiledal
  • Flatebygd
  • Korleis utvikla Evje seg som tettstad?
  • Vegar/buplassar i Evje og Hornnes
  • Historisk oversyn over vegar i Råbyggelag
  • Yksenskor
  • Grannegardane Kalland og Roland
  • Grannegardane Raustøyl og Liane
  • Øygardar og utmarksbruk på Syrtveit og Eve (prestegarden)
  • Grenda ved Gunnarsåna og Gunnarsvatnet
  • Grenda ved Vetterhusvatnet
  • Håland
  • Flåtøygard
  • Gardane rundt Vårehei
  • Kyrkjevegen frå Vetrhus
  • Brenne i Mykland
  • Gamal byveg på austsida av Otra, Evje - Kristiansand

Kjelder

  • Boka