Ljosådalen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. oktober 2018 kl. 19:00 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Skogsbilveg)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ljosådalen er eit 15-20 kilometer langt dalføre lengst nord i Valle kommune, på vestsida av hovuddalføret Setesdal med Otra i dalbotnen. Ljosådalen, med Ljosåni i dalbotnen, strekker seg frå Setesdal Vesthei i vest og ganske rett aust - nord-aust med utlaup i Otra rett vest for Bjørnarå i Bykle. Om lag halve dalføret, den indre delen lengst vest, ligg innanfor Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde. 11. desember 2015 blei Ljosådalen også verna som naturreservat.

I den austre enden av Ljosådalen ligg den gamle husmannsplassen Oddeskar, som er vidgjeten etter at Daniel Oddeskar fekk øydelagt ansiktet her i kamp med ein bjørn.

Det går skogsbilveg/anleggsveg 4-5 km vestover i Ljosådalen frå Riksveg 9 rett nord for Bjørnarå. Vegen er stengt med bom.

Kjelder

Kart

Laster kart...