Ljomsnuten

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ljomsnuten sett frå Glåmsheii

Ljomsnuten er eit 1268 meter høgt fjell på austsida av Setesdal i Valle kommune. Fjellet har ein primærfaktor på 350.

Det er antenner for FM på Ljomsnuten. Valle Radio sin sender er på 102,6, medan NRK Sørlandet har 95,8 og NRK P2 har 92,8.

Ljomsnuten var eit av måla for Topptur Valle IL 2011. For å kome dit, køyrer ein til Brottveit og fylgjer vegen derifrå til Stavedalen. Fjellet ligg rett aust for Stavedalen og er det høgaste på Stavdalsheia, men for å kome dit må ein gå opp skaret til Varden (1060 moh) og så fylgje heia sørover til Ljomsnuten. Sør for Stavedalen og vest for Ljomsnuten ligg Luseskardheii og Vasslandsnuten og mellom desse ligg Ljomsvatnet og Vasslandsvatnet.

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...