Lidtveit (Bygland gnr. 22)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. mars 2019 kl. 18:57 av Knu-eldh (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lidtveit 15. mai 2016.

Lidtveit er ein gard (gnr. 22) i grendelaget «Gardan» i Åraksbø i Bygland. Garden ligg på flata etter at ein har passert Nordenå og Gakkestad på veg oppover i terrenget. Vidare langs vegen ligg den siste garden i Åraksbø, Haugetveit. Gardstuna ligg 450-500 m.o.h.

I sør og vest grensar Lidtveit mot Gakkestad. Mot nord-vest er det grense mot Skore og Søndre Austad. Grensa mot aust er Hovassåni. Det er eit par kilometer mot nord til Hovatn.

Bnr. 1 Oppigard er bruket til venstre i biletet med gult hus og raud låve.

Det kom bygdeveg fram til Lidtveit først i 1916.

Historie

Garden blei nok lagt øyde ein gong etter Svartedauden, og rydda opp igjen på byrjinga av 1600-talet. Det var to hovudbruk i garden til 1660, og seinare tre bruk fram til ca. 1900.

Kjelder

Kart

Laster kart...



🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.