Leeslandsveien
Hopp til navigering
Hopp til søk
Leeslandsveien går frå Fylkesveg 403 på Skaiå ca. seks kilometer sør-austover og litt oppover i terrenget til garden Leesland sør i Iveland. Han er grusveg. Omtrent ein kilometer etter starten, går ein avstikkar mot nord-aust til garden Løland. Ved Grunnevatn går ei grein av vegen mot sør-vest til bruket Budalshei, og ei anna grein mot nord-aust til Svengestøl og Stølen. Frå Leesland fortset ein veg vidare sørover til Jeppestøl i Vennesla.