Lauvland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bruka Dervest (til venstre) og Derheime på Lauvland. Statsminister Jørgen Løvland kom frå bruket Dernede, som ein ikkje ser på biletet her.

Lauvland er ein gard (gnr. 43) på heia (365 moh.) aust i Evje og Hornnes kommune, ca 6 km frå Evje sentrum. Det er fire bruk på garden.

Garden kom truleg til i folkevandringstida, rundt år 400-600 e. Kr. Mest sannsynleg har han opphaveleg vore svedje- eller nydyrkingsområde under ein hovudgard. Bruka på garden ligg i ei gryte, omgitt av åsar og fjell. Det er Rughei (404 moh.) i nord, Åsen og Teredalsheia (450 moh.) i aust, Middagsli (400 moh.) i sør og Gildreknuten (420 moh.) i vest.

Statsminister Jørgen Løvland, som kom frå Lauvland, har skildra fødestaden sin slik:

- Gården Lauvland i Evje i Otradal ligger bortgjemt mellom aaser og skog som et rede, der kun fra aasene og kollene omkring gir vide og vakre utsyn nedover og nord og syd over dalen med elven og dens utvidelser eller "flaaer" og viker, til gaarde og grender i en avstand av 4 opptil 15 km.

Kjelder