Langevatn (Åseral)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Langevatn er eit regulert vatn (667,2–683,0 moh.) i fjellet nord-aust for Ljosland i Åseral. Vatnet blir overført til Nåvatn, som er magasin for Skjerka kraftverk, gjennom ein over 13 km lang tunnel. Agder Energi har bygt ny steinfyllingsdam ved Langevatn og ny tunnell Langevatn–Nåvatn. I samband med dette arbeidet er også Langevassvegen mellom Ljosland og Langevatn oppgradert.
Ikkje så langt nord for Langevatn går kommunegrensa mellom Åseral og Bygland. I dette området, i Bygland, ligg den kjende, nedlagte fjellgarden Pytten. Her, langt inne i fjellheimen, var det gardsdrift heilt til 1952.
Kjelder
- Oddmund Ljosland, Ordføraren si side, artikkel i Åsdølen nr. 3, mai 2017, side 3
- Kart på nettsida til Statens Kartverk
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind I, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 439–449
- Vandringer i Setesdal Vesthei, utgjeve av Friluftsforlaget, 2008, side 92–97