Landeskogen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Landeskogen 1919
Hovedbygningen i 2011
Foto: Reidar Tveito

Landeskogen ligg i Grendi på austsida av Byglandsfjorden i Bygland kommune i Aust-Agder. Bygningane er sette opp i perioden 1912 - 17, og er teikna av arkitekt Kristian Biong. Eigedommen på 370 mål har ein total bygningsmasse på ca 7.600 m2 fordelt på 17 bygningar og ligg sør–vestvendt i lia med flott utsikt over fjorden. Avstanden til fjorden er omlag 400 meter. Eigedommen går heilt ned til fjorden og har strandlinje.


Sanatorium

Landeskogen var det første av ei rekke statlige institusjonar mot den smittsomme og dødelige sjukdommen tuberkulose på begynnelsen av 1900-talet. Dei første pasientane kom den 1. mai 1916. I 1950 hadde sanatoriet på Landeskogen 118 senger. Som sanatorium vart Landeskogen nedlagt i 1961, då dei siste pasientane vart overførte til lungeavdelinga på Sentralsjukehuset i Kristiansand. Sanatoriet hadde frå begynnelsen eigen elektrisk kraftstasjon, Langerak kraftverk.

Heim for utviklingshemma

Alt i 1960 var Diakonforbundet og Helsedirektoratet i dialog om at Landeskogen skulle bli åndssvakeheim under Diakonforbundet. Helsedirektoratet foreslo at Diakonforbundet skulle få det dåværande tuberkulosesanatoriet og at det skulle administrerast av styret for Nærlandheimen.

Styret var så på befaring på Landeskogen, deretter vart det laga utkast til avtale mellom departementet og Diakonforbundet. Nærlandheimens overlege og forstandar skulle ta ut pasientane ved Landeskogen. Det vart tilsett ein eigen forstandar underlagt Nærlandheimen, «då Landeskogen Åndssvakeheim blir så vidt stor og kommunikasjonsmessig ligger så vanskelig til». Ein planla 130 plassar og Nærlandheimen sitt styre skulle ha to møter på Landeskogen kvart år.

Det måtte til ei stor ominnreiing for dette. Ved starten var den austre delen på det næraste klar til innflytting og det var bygd ny funksjonærbustad. Mange rekna med at det ville gå med ein million kroner til oppussing. Utstyret vart totalt fornya, ein malte og snekra over alt, ein slo ut vegger og alt vart sett i stand til å ta i mot pasientane.

Vigsling

  • 11. januar 1961 godkjente departementet diakon Torrey L. Ullerø som bestyrer ved Landeskogen.
  • 11. januar 1962 overtok Diakonforbundet anlegget på Landeskogen. Frå 1. januar var staden heim for åndssvake og underlagt Nærlandheimen.

Hausten 1962 var det i alt 47 kvinner og menn i alderen 15-60 år, og det meste av personalet var på plass. Det daglege legetilsyn fekk distriktslegen i Bygland, men områdeoverlege Wefring hadde overoppsynet.

7. november 1962 kom vigslingsdagen. Alt var nå på det næraste ferdig, bare nokre tekniske detaljar stod att. Mellom dei nærare 100 gjestene var økonomidirektøren i Helsedirektoratet, fylkeslegen i Vest-Agder og domprost Sigurd Gundersen. Gjestene samla seg i den store nyoppussa daglegstova, som vart omtala som «hyggelig og smakfullt møblert». Etter middag og fleire taler erklærte domprosten Landeskogen innvigd til Guds ære og nedba Guds velsignelse over det.

Seinare utvikling

Etter eit par års drift hadde Landeskogen 137 beboere og 68 tilsette. Gradvis innførte ein arbeidsterapi, og om lag 50 dreiv med ulike former for håndarbeid. Dei var og med i arbeidet på kjøkkenet, i vaskeriet og i gartneriet.

Det og mange som gjekk på ski på vinteren, og det årlege skirennet var ei stor hending. I den store møtesalen samlast ein til gudstjeneste kvar sundag, og ein del gjekk til gudstjeneste i Årdal kirke.

I 1967 hadde ein fire arbeidsleiarar og skulle tilsetje ein femte i uteterapien. Det godkjente budsjettet var på 24 millioner kroner. 1968 hadde institusjonen 180 vaksne, og institusjonen var lenge den største og viktigaste arbeidsplassen i Bygland kommune. I tillegg til den store hovedbygningen var her mellom annea styrarbustad, søsterheim, mindre bustader kalla Skogtun og Landely, arbeidsstue, snekkerverkstad, maskinverkstad, materialbu/sag, stabbur, låve, ein tomannsbolig og ein firemannsbolig.

I 1972 var talet gått ned til 139, men ein ønska å redusere til 90. På denne tiden hadde institusjonen ca. 74 heile stillinger, og mange fra distriktet hadde sin arbeidplass her. I ein artikkel i Kristiansands Avis skryter bestyrer Stapnes over naboskapet til bygda.

I 1974 vart Landeskogen ein sjølvstendig instutusjon og skulle ikkje lenger vere under Nærlandheimen, men det var fortsatt Diakonforbundet som sto for drifta. Aust-Agder fylkeskommune overtok ansvaret for institusjonen tidlig på 1980-tallet.

I 1991 var Landeskogen heim for om lag 75 utviklingshemma. Mange av dei ville bu i kommunen etter reformen.

Bygland kommune tek over

Bygland kommune tok over eigedommen frå Statsbygg, og staden har vore brukt blant anna som flyktningemottak i regi av Norsk Folkehjelp. Sidan stod bygningane tomme ein lang periode.

Seinare har det vore flere som held til her, blant andre

  • Setesdal Bunadsenter, men dei flytta til Neset Camping etter kvart.
  • Eit kommunalt dagsenter for personer som sliter med psykisk helse,
  • I 2005 åpna pinsemenigheten Filadelfia i Kristiansand eit rehabiliteringssenter for rusmisbrukarar

Kommunen prøvde å få fleire til å etablere seg på den store eigedommen, og dei lukkast med å få Aktive Fredsreiser ved Helga Arntzen til å legge eit nytt fredssenter til Landeskogen. Dermed vart eigedomen i 2010 overdregen til Landeskogen Peace Center for ei krone.

Kjelder

Agnes Varen Ugland: Nærlandheimen gjennom 25 år 1948-1973.

Sjå også

Eksterne lenker