Løvlands allé

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. mars 2018 kl. 20:57 av Toregil (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Løvlands Allé på plakat

Løvlands Allé er ei visepopgruppe som vart stifta av Tor Egil Vaule Andersen og Sanjin Kazagic frå Evje i 2002. Begge studerer i Oslo, og i 2008 fekk dei med seg Gjermund Nomeland (Morgedal), Glen Faanessen (Maura) og Magne Tente (Kristiansand) i gruppa. I 2009 ga dei ut singelen "Se meg". Våren 2011 kom singel nr. 2, på den er det bare Magne Temte som er med i tillegg til dei to stiftarane. 25. august 2012 lanserte gruppa musikkvideoen til Rike i to på Sølvgarden. Det er ein fire minutt lang film som det har teke eit år å spele inn. Songen vart A-lista på NRK P1 og vart deira nasjonale musikkdebut.

I 2015 ga dei ut singelen Høg himmel, som vart B-lista på NRK P1. Låta vart til i eit samarbeid med teksforfattar Ingvar Hovland, som har skrive for artistar som Vamp, Lars Martin Myhre, Ingebjørg Bratland og Elle Melle.

Januar 2017 skilde duoen lag, og medan Sanjin Kazagic tok ein pause frå musikken, fortsette Tor Egil Vaule Andersen under namnet Løvlands allé.

Tor Egil Vaule Andersen mottok i 2013 og 2015 reisestipend til Firenze frå Tekstforfatterfondet.

Songar

  • Se meg (når du går forbi) - 2009
  • Du søve stilt i kveld - 2009
  • Smed - 2011
  • Rike i to - 2011
  • Høg himmel - 2015

Diskografi

Kjelder

Eksterne lenker