Kåre Karlsen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. desember 2017 kl. 11:36 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Foreldre)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kåre Karlsen
Født: 2. mars 1922
Død: 9. april 2005 (83 år)

Kåre Karlsen (fødd 2. mars 1922, død 9. april 2005) var sjømann og krigsseglar. Han budde i Grenjå bustadfelt nær Evje sentrum til han døydde i 2005.

Kåre reiste ut på sjøen med skuleskipet Sørlandet i 1938, rett etter at han var konfirmert. Han mønstra på andre båtar før 2. verdskrigen braut ut. I 1942 var han på eit Leif Høeg-skip som blei torpedert. Men han overlevde. Etter det meldte han seg til teneste for Marinen og Nortraship. Han var i Canada og fekk opplæring som skyttar. Resten av krigstida var han i handelsflåten, på 5-6 ulike skip. Han blei dimmitert frå tenesta i oktober 1945. Dottera Reidun Karlsen skriv i ein artikkel om faren i Arnstein 2017, at krigsseglarane ikkje blei tatt godt i mot då dei kom heim. Dei blei mest rekna som landssvikarar. Dei blei stempla som feigingar, fordi dei ikkje var i heimlandet og kjempa der.

Etter krigen budde og arbeidde Kåre først i Sverige, i Snøklinten. Det var her far hans var frå. I denne tida traff han også Inger Elfrid Kallhovd frå Hornnes. Ho er meir kjend i lokalmiljøet som Vesla Karlsen, eit namn ho også skifta til på sine eldre dagar. Dei gifta seg og fekk i rask rekkefølge seks barn: Karl Tobias, Laila, Arne, Odd Robert, Solveig og Reidun.

Etter opphaldet i Sverige var Kåre attende til Evje, og hadde strøjobbar. Han reiste også over til Amerika, og hadde jobbar som jernbindar og golvslipar. I 1949 for han ut på sjøen igjen. Men han kom heim igjen etter kort tid. Nervene tålte ikkje påkjenninga etter alt han hadde opplevd under krigen.

Kåre og Vesla bygde etter kvart hus i det nye bustadfeltet på Grenjå. Nokre år arbeidde Kåre på anlegg, mellom anna å Haukeli. Seinare var han golvslipar, og reiste rundt til kundane med slipemaskinen bak på motorsykkelen sin.

Kåre fekk jobb på Skibsplast. Der trivdest han svært godt. Men helsa sa til slutt stopp. Dottera Reidun skriv at han fekk det mykje betre psykisk dei seinare åra han levde, men at den fysiske helsa skranta. Han døydde heime på Evje i 2005, 83 år gamal.

Kåre blei tildelt Krigsmedaljen, Deltakarmedaljen og Kong Haakon den VII 70-årsmedalje, og han fekk den canadiske Camp Norway Foundation sin medalje.

Foreldra hans var Karl August Karlson og Birgit f. Uleberg.

Kjelder