Kyrelitjønn naturreservat

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Vestre del av Kyrelitjønn. Kyrelitjønn naturreservat i bakgrunnen til høgre

Kyrelitjønn naturreservat vart oppretta ved kgl.res. av 10. oktober 1986. Naturreservatet er eit myrområde som ligg i skråninga nord for Kyrelitjønn nord for fylkesveg 45 og er på ca 132 dekar. Det verna området femner om gnr/bnr: 23/6 og 23/9 i Valle kommune. Føremålet med vern er å ta vare på artsrike bakkemyrar med innslag av rik myrvegetasjon, der nordlege fjellartar spelar ein stor rolle. Området høyrer til garden Nørdre Rygnestad.

Reglar for verneområdet

For reservatet gjeld følgjande reglar
  1. Vegetasjonen, også daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging unnatak det som følgjer av tillatt ferdsel eller tiltak i medhald av punkta V-VII. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye plantearter må ikkje innførast. Treslagsskifte er forbode.
  2. For viltet gjeld viltlova sine føresegner og forskrifter.
  3. Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan forandre naturmiljøet såsom oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båt, campingvogn o.l., framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, utføring av kloakk eller konsentrerte ureiningstilførslar, oppsamling av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje fullstendig.
  4. Motorisert ferdsel er forbode.
  5. Oppsetting av telt og kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.
Reglane er ikkje til hinder for
  1. Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, sikring-, oppsyn-, skjøtsel- og forvaltningstiltak.
  2. Sanking av bær og matsopp.
  3. Drift av skogen utanfor randsona med dei avgrensingar som følgjer av, eller har heimel i, lov om skogbruk og skogvern.
  4. Motorisert ferdsel på fastmark i ytterkantane av reservatet i samband med tillaten skogsdrift og utkøyring av felt storvilt.
  5. Motorisert tømmertransport over myra når marka er frosen og snødekt.
  6. Beiting.
  7. Vedhogst.

Forvaltning

Fylkesmannen i Aust-Agder er forvaltningsstyresmakt for området. Han kan gje løyve til

  1. Å iverksetje tiltak med sikte på å byggje opp og ta vare på ei stabil og variert randsone rundt myra. Forvaltningsstyresmakta vil fastsetje breidda på denne sona. Randsona ligg innafor reservatgrensa.
  2. Skoghygieniske tiltak i sona rundt myra som er omtalt under pkt. 1 og på fastmarksøyer i myra.

Han kan og gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje verneføremålet. Det kan utarbeidast skjøtselsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå vernereglane når føremålet med vernet krev det, samt for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi og i særlege tilfelle, dersom det ikkje strir mot føremålet med vernet.

Kjelde

Kart

Laster kart...