Kveste

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Kveste 30. desember 2015.
Foto: Geir Daasvatn
Ein av dei særmerkte steinhagane på Kveste.
Foto: Geir Daasvatn

Kveste er ein gard (gnr. 54) i Valle. Han ligg på austsida av Otra, nord for Sandnes og sør for Harstad, Tveiti og Brottveit. På andre sida av Otra ligg Bøgardane. Riksveg 9 går gjennom garden frå sør til nord.

Historie

Kveste skal ha blitt sjølvstendig gard i høgmellomalderen, for så å ha blitt lagt øyde etter Svartedauden.[1] Enno på 1500-talet skal han ha vore underbruk under andre gardar.[2]

Særmerkte hagar

På Kveste, på Nordigard bnr. 3, er det eit par heilt spesielle hagar med solide steinmurar rundt. Dei er runde, og om lag mannshøge. Største tverrmål er 20–25 meter. Inne i hagane er det planta frukttre. Det var Olav F. Kvestad (1812-1890) som bygde desse hagane saman med sønene sine.[3]

Referansar

  1. Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 197
  2. Valle III, side 198
  3. Valle III, side 240

Kart