Skilnad mellom versjonar av «Kroning i Nidarosdomen 1906»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Line 6: Line 6:


=== Frå 1380 til 1905 ===
=== Frå 1380 til 1905 ===
[[File:Statsminister Christian Michelsen mottar kong Haakon 7 og kronprins Olav ombord det norske marinefartøyet "Heimdal", 25. november 1905.jpg|thumb|Kong Haakon 7. går i land og blir møtt av statsminister Chrisstian Michelsen]]
Ein hustrig novemberdag i 1905 kom Prins Carl av Danmark og ektemaken Maud med båt til Kristiania. Etter at framståande norske politikarar og diplomatar hadde oppmuntra stormaktene rundt i Europa til å støtte Noregs sak, var det til slutt «Det norske folk» som gjennom folkeavstemning fekk prinsen til å ta imot tilbodet om kongegjerning i Noreg, med namnet Haakon 7. At han og Maud hadde med seg ein liten arveprins - som fekk det gamle kongsnamnet Olav - gjorde berre meir til å vekkje nasjonalkjensla.
Ein hustrig novemberdag i 1905 kom Prins Carl av Danmark og ektemaken Maud med båt til Kristiania. Etter at framståande norske politikarar og diplomatar hadde oppmuntra stormaktene rundt i Europa til å støtte Noregs sak, var det til slutt «Det norske folk» som gjennom folkeavstemning fekk prinsen til å ta imot tilbodet om kongegjerning i Noreg, med namnet Haakon 7. At han og Maud hadde med seg ein liten arveprins - som fekk det gamle kongsnamnet Olav - gjorde berre meir til å vekkje nasjonalkjensla.



Versjonen frå 22. januar 2019 kl. 11:08

Portrett av Kong Haakon og Dronning Maud hekk i mang ein heim i Noreg etter 1906.

Kroning i Nidarosdomen 1906 er ein artikkel av Andres Helle. Den stod i Jol i Setesdal 2006. I samband med Setesdalswiki sin artikkel om Tarkjel K. Austad har vi fått artikkelen her.

Kroning i Nidarosdomen 1906

100-årsmarkeringa for konge- og dronningkroninga i 1906 vart i år markert som eit storhende i nyare norsk historie. Sidan 1380 hadde me vore utan eige nasjonalt kongedøme. Særleg i tiåra før 1905 var folket og politikarane sveltefora på å få attende ein heilnorsk identitet.

Frå 1380 til 1905

Kong Haakon 7. går i land og blir møtt av statsminister Chrisstian Michelsen

Ein hustrig novemberdag i 1905 kom Prins Carl av Danmark og ektemaken Maud med båt til Kristiania. Etter at framståande norske politikarar og diplomatar hadde oppmuntra stormaktene rundt i Europa til å støtte Noregs sak, var det til slutt «Det norske folk» som gjennom folkeavstemning fekk prinsen til å ta imot tilbodet om kongegjerning i Noreg, med namnet Haakon 7. At han og Maud hadde med seg ein liten arveprins - som fekk det gamle kongsnamnet Olav - gjorde berre meir til å vekkje nasjonalkjensla.

Frå alle kantar av landet

Som i 1814 var det slik at det skulle kome utsendingar frå heile landet for å vere med på kroninga i Nidarosdomen, som vart sett til 22. juni 1906. Eit omfattande apparat med Statens Kroningskomité i spissen vart i god tid føreåt sett i gong for å organisere reise og opphald for utsendingane. Det var i fyrste rekkje ordførarar som skulle representere folket i kommunane. Frå statsapparatet var der eit fargerikt utval av representantar for embetsverk, kyrkje og dei ulike militære greinene.

Frå Austad til Trondheim

Frå Bygland vart det Tarkjel Knutson Austad som reiste. Han var på den tid varaordførar. Ettersom han i mange år hadde hatt vervet som bankkasserar i Bygland Sparebank, var han vel vand med å føre rekneskap. Notatane han gjorde frå reisa si til Trondheim førde han inn i ei lita notisbok, og det er eit stykke samferdselshistorie frå Noreg for 100 år sidan som her kjem fram. På pedantisk vis skreiv han ned kvar einaste stubb av reisa; med båt, jernbane og somtid trikk som framkomstmiddel. Det vart ei rundreise til lands og til havs i Sør-Noreg.

Kostnad yver reisa til Trondhjem

Slik ser notatane ut, med finurlege forkortingar i stikkordsform:

Strekning Kostnad
Austad - Byglandsfjord Kr. 1.80
B.fjor - Xsand S ” 3.75
Kr sand S ” 1.50
” - Xania ” 9.75
Dampskip ” 2.75
Kr.ania “ 6.90
Kr.ania - Trondh “ 19.10
Banen “ 1.00
Trondhjem ” 16.00

Vel framme i Trondheim hadde transporten kosta kr 62.55, og slik fortel han om turen: Reisa til Trondhjem 18. juni fraa Austad til Kr.sand. Den 19. til Kr.ania. Den 20. besaag eg meg i Kr.ania. Eg saag mange av dei mætaste hus i byen. Eg var paa Bygdøi og saag meg um.

Kl. 3 reiste eg med jernbanen til Trondhjem og kom der neste dag kl. 8 f. m. Eg var fleire stadar i byen og saag meg um, blant andre stadar var eg paa festningi Kristiansten, og der syntes eg var den mest storslegne stad eg hev sett. Likeeins var eg ved domkyrkja. 22. var eg i domkyrkja og saag på kroningi. Domkyrkja var veldig baade avdi ho var so stor og so fin. Folkemassen i henne var baade stor og den mest staslege eg hev set i mit liv. Det var so det glein av gull og silke og annan stas. 3 bispar og mange prestar tok mot Kongen og Dronningi utanfor kyrkja. Aa sjaa alt var som i eventyri, der fantasien fær vere med. Tordenskjoldstytta saag eg og, han stend og glaaper mot havet.

Det formelle var i orden

Før Tarkjel tok plass i «Trondhjem Domkirke» hadde han motteke formelle innbjodingar og oversikt over dei arrangement han skulle vere med på, slik som program og anvist sitjeplass framme i skipet i kyrkja.

Plassen som Tarkjel fekk i Nidarosdomen var ”Indgang C, Plads i Kolonne 2, No.78”. Benken var merkt av med raud pil på kartet som han fekk frå kroningskomitéen.

Middag og Soiree i Trondhjems Stiftsgaard

«Trondhjems Stiftsgaard» var i sentrum for feiringane i dagane etter kroninga.

Opphaldet i Trondheim varde i fleire dagar, og Tarkjel fekk vere med på middag om kvelden kroningsdagen. Antrekket skulle vere galla, og slik lydde invitasjonen:

H.M. Kongens Hofmarskalk har ifølge Befaling den Ere at indbyde Hr. Austad til Middag i Trondhjems Stiftsgaard Fredag den 22de Juni 1906 Kl.8.

Reisa heim

Heimreisa gjekk med DS Statsraad Riddervold

Tarkjel reiste sjøvegen sørover til Kristiansand, og båten var innom fleire stadar på kysten. Slik har han bokført utlegga:

Strekning Kostnad
Til Aalesund Kr. 12.00
Til Bergen ” 6.75
I Bergen ” 3.20
Til Stavanger ” 4.00
Til Flekkefjord ” 5.00
Til Kr sand ” 3.00
I Kr sand ” 1.50
Til Austad ” 1.80

Vel attende på Austad kunne han summere at han hadde lagt ut til saman kr 99.80, og dette fortel han om reisa : ”Fraa Trondhjem reiste eg eg med dampskip Statsraad Riddervold ut fjorden. Paa Trondhjems havn laag mange krigsskip, ut fjorden saag eg festningi Agdenes. So saag eg kongsgarden Østerått. Der stend enno mange av dei gamle husi som vart bruka i gamletidi. Storfosna ligg om lag 8 mil fraa Trondhjem og der kan forast 200 kyr.

Kr sund hadde ei fin hamn, og herifraa reiste eg ut Batnfjorden og yver Batneidet 16 km. Fjorden med gardar kring strendene var fin. Molde var og ein stad som var fin. Aalesund kom eg til med Dampskipet Aalesund. Reiste derifraa med Dampskipet Sirius vidare sydover. Eit stykke sundanfor Aalesund saag eg Hjørungavaag. Saa kom eg til Bergen. Der saag eg museet Sverresborg, Haakonshallen, Valkendorfstaarn og festningi Bergenhus, herpaa ligg Haakonshallen. Holberg og Christie saag eg, og Nordnes festning.

Lang teneste

Tarkjel sitt gallaantrekk i Trondheim var dalekleda, eit plagg han nytta gjennom heile livet. Han vart ein svært gamal mann, og var nær 94 år då han døydde i 1947. Det var mest eit slags dansk som var opplæringsspråk då han voks opp, og borneborna hans har fortalt at ”gofa” heile livet nytta dansk teljemåte, slik som tress, fjerds og fems. I ein mannsalder var han med i styre og stell i Bygland kommune, med 27 år i heradstyret og som ordførar i ein periode. Han hadde ombod innan skulestyre, forliksråd og som takstmann. Som likningssekretær slutta han av då han var 85 år gamal. Gjennom dei åra han var bankkasserar i Bygland Sparebank gjekk han titt til fots frå Austad til Bygland med bankskreppa på ryggen. Når han hadde med seg alt rekneskap, brev og protokollar, kunne det vere ei bør på 30-40 kilo.

Banken heldt stengt sommarstid, av di folk då reiste på heia og slo. Det vert fortalt om Tarkjel at når huslyden i Dalen var vel komne opp i Kleivevegen, tok han av for seg sjølv inn i lia og vart borte ei stund. Då visste dei at han hadde grave ned og løynt heile kassabeholdninga i Bygland Sparebank i eit «noregsglas». På haustkanten når dei vende heim frå støylen, vart han likeeins borte ei stund, før han kom att med glaset i skreppa. Han førde eit lytefritt rekneskap som bankkasserar i 35 år.

I 1937 vart han heidra med Kongens fortenestemedalje i gull for samfunnsnyttig arbeid.

Då det leid mot dei seiste åra vart synet veikare, og det vart verre å fylgje med i samfunnsliv og politikk. Likevel var det verst for han at han måtte gjeve opp å fiske på heiane. Han hadde aldri i sitt liv sett ut eit einaste fiskegarn, då det var ein lite real måte å ta fisken på. Dottersonen Torgeir har fortalt det slik: «Gofa var sportsfiskar, og då han ikkje kunne sjå taumen meir, totte han ikkje det var verdt å leve.»

Dei hadde slik respekt for han at han vart gravlagd i dalekleda, «fullt sylva».

Kjelder