Kristian Stubseid

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 31. mars 2021 kl. 06:30 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet ørliten skrivefeil)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristian Stubseid
Norske skolefolk 1934, s 1177 - Kristian Stubseid.JPG
Kristan Stubseid
Kjelde: Nasjonalbiblioteket: Norske skolefolk, 1934.
Født: 2. september 1897
Død: 29. april 1976 (78 år)
Kristian Stubseid sitt gravminne.
Siri Johannessen (2014)

Kristian Stubseid (2. september 1897–29. april 1976) var lærar og kyrkjesongar i Bygland kommune. I 1923 tok han latinartium som privatist i Kristiansand, og året etter lærarprøva, den òg som privatist i Kristiansand. Frå hausten 1918 arbeidde han som lærar i fleire krinsar i Bygland føre han vart tilsett i AustadHeistad skulekrins i 1926. Kristian tok over etter far sin, Bendik Stubseid, som døydde. Han tok og over klokkartenesta i Austad kyrkje og garden dei budde på. Mor hans døydde i 1931. Kristian Stubseid vigde i 1935 med Gunhild (1905- ) dotter til Gunnar T. Rysstad. Dei fekk barna Bjarne (1936-1966), Vilborg (fødd 1939), Mari (fødd 1944) og Gunnar (fødd 1948).

Kort tid før han døydde, samla han dikt han hadde laga i eit manuskript som samla dikt han hadde skrive gjennom livet. Men han døydde før han fekk gjeve ut diktsamlinga, og så vart manuskriptet liggjande til Bygland Mållag gav det ut saman med ei ordliste og biografisk informasjon på Setesdalsforlaget i 1997. Sidan kom det ei ny og auka utgåve i 2007, der var biografi og ordliste tekne bort, men det var teke med ungdomsdikt frå 1917 til 1922.

Han er gravlagd på Austad gamle kyrkjegard.

Bibliografi

  • Frå granden 1997
  • Frå granden - ny og auka utgåve 2007 ISBN 978-82-92441-57-2

Kjelder