Kristian Kvitne

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. mai 2017 kl. 21:56 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Navn ektefelle)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristian Kvitne
Otra IL Æresmedlem Kristian Kvitne.jpg
Sentral i den lokale idretten
i Evje og Hornnes i mest 40 år
og æresmedlem i Otra IL.
Født: 1. oktober 1930
Død: 24. juli 2001 (70 år)

Kristian Kvitne (fødd 1. oktober 1930, død 24. juli 2001) var offiser i Forsvaret og arbeidde i Evjemoen militærleir i ei årrekkje. Han var også lokalpolitikar (Arbeiderpartiet) i Evje og Hornnes kommune.

Kristian var leiar i Otra IL i fire periodar på tilsaman ni år: 1968-1969, 1972, 1975-1977 og 1988-1990. Dette er lenger enn nokon annan, med unntak for Finn Bjørn Rørvik. Han var leiar i fotballgruppa 1963-1965 og 1974, og styremedlem i fotballgruppa 1961-1962 og 1968. Han var leiar i orienteringsgruppa 1983-1985, og sekretær i skigruppa i to år. Alt i alt var han med i styret i idrettslaget i opp mot 30 år, i ulike verv, og samanhengande frå 1962 til 1984. Han vart utnemd til æresmedlem i Otra IL i 1985.

Kristian Kvitne var aktiv fotballdommar i om lag 35 år. Han var dessutan leiar av den kommunale ungdoms- og idrettsnemda (KUI) i fleire år, og medlem i byggjekomitéen for Idrettsbygget ved Evje stadion.

Kristian Kvitne var gift med Kari Kvitne.

Utmerkingar

Kjelder