Kolandsheia

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Bjelland bru på Fv-462.

Kolandsheia er strekninga mellom Hægeland i Vennesla og Bjelland i Marnardal. Vegen her, Fylkesveg 462, vart utbetra og 6 km asfaltert i 2013. Heile strekninga er på 15 km. Namnet Kolandsheia er ikkje godkjent av Kartverket, dei har anbefalt Rolandsheii som rett form. Men Marnardal kommune brukar namnet Kolandsheia i sitt økonomiske kart.

Historie

Den første vegen rett vest for Sylvskardet.

Den første vegen frå Bjellandsbrua til Sylvskardet blei bygd i 1862, og var i bruk til 1923.

I 1892 tok arbeidet på Setesdalsbanen til. Det var klart at jernbanen måtte få konsekvensar for kommunikasjonane i mange bygder i indre Agder. Det var om å gjere å få vegar fram til banen. Eit vegsamband frå Bjelland over Kolandsheia til Hægeland tvinga seg no fram. Amtstinget drøfta dette sambandet i 1892. Men først i 1894 løyvde amtstinget pengar til vegen. Andre som bidrog til å finansiere vegen var Bjelland og Grindheim kommunar, private interessentar, Setesdalsbanen og Kristiansands Brændevinssamlag. Vegen stod ferdig i 1897.[1]

1923 blei noverande veg bygd. Det var nødvendig med betre veg for å få fram utstyr til Skjerka kraftverk i Åseral og for at rutebilane, og tømmer- og stavlass skulle kome fram.[2]

Kjelder

Referansar

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...