Knutsbakk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. mai 2023 kl. 13:40 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Minnestøtta på Knutsbakk

Knutsbakk er staden i Bygland for kransenedlegging til minne om dei som fall under 2. verdskrigen. Staden ligg om lag 175 meter frå Bygland kyrkje. Knutsbakk har og fleire gravhaugar frå vikingtida. Plassen var og tilhaldsstad og ekserserplass for militære i dansketida er det fortalt.

Minnestøtta vart avduka 17. mai 1947 av fylkesmann Nils Hjelmtveit. På støtta står desse namna: Nere Aakhus, Knut O. Bø, Arne Scheie, Gunnar Såghus, Jentoft Andersen, Jørgen Lidtveit og Georg Nordgård.

Kjelde

  • Informasjon frå Facebookgruppa «Bileter frå Bygland i gamle dager»

Galleri

Alle bileta i galleriet er tekne av Knut O. Haugå