Knut T. Brokke

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. desember 2018 kl. 20:45 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (samtykke ved opprettelse av artikkel)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut T. BrokkeSymbol confirmed.svg
Født: 5. oktober 1944 (79 år)

Knut T. Brokke (fødd 5. oktober 1944) var lærar i Valle kommune. Han starta som lærar på ungdomsskulen i den tida skulen heitte Sætrum ungdomsskule, i 1972. Då hadde han tysk og norsk som fag. I 1993 flytta han til Hylestad skule og var der til han vart pensjonist i 2007. Knut tok eksamen artium på Hornnes landsgymnas i 1965. Deretter hadde han militærteneste i Garden før han begynte å studere på Universitetet i Oslo. Våren 1972 var han ferdig der og hadde då studert norsk, tysk og pedagogikk.

Knut Brokke var medlem av Valle kommunestyre i perioden frå 1999 til 2003. Han var og medlem av bygningsrådet i Valle i fleire periodar, først for Senterpartiet, seinare for Kristeleg Folkeparti. I fleire periodar var han og med i viltnemnda. Han var formann i forliksrådet i Valle i fleire periodar. Han har og vore lagrettdomar i Agder Lagmannsrett i ei årrekke.

I ei årrekke var Knut Brokke leiar av Hylestad idrottslag, og han var aktiv i friidrett i sine unge dagar. Han har gått Sesilåmi fleire gonger og er ein ivrig jeger. Han har vore leiar av Gardane vassverk frå 1981.

Kjelde

Opplyst av Knut Brokke i samtale 26. mai 2011.