Knut Mykland (1920)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Mykland (1920)
Knutmykland.jpg
Født: 20. april 1920
Død: 4. november 2005 (85 år)

Knut Mykland (fødd 20. april 1920, død 4. november 2005) var professor i historie og ein av Noregs mest kjende historikarar. Han var fødd i Mykland, og gjekk ut av Hornnes landsgymnas i 1940. Ved sida av sin store produksjon av historiske verk på nasjonalt og internasjonalt plan, fekk heimbygda Mykland også si historie skriven av Knut Mykland. Under mottoet «Kvar gard er eit kongerike» skreiv han gardshistoriar i ein forteljarstil som representerte ei fullstendig fornying av denne sjangeren, heiter det i omtalen av Knut Mykland i Kultursoga for Mykland 1832–2009.

Kjelder

Eksterne lenker