Knut B. Bjåen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut B. Bjåen
Knut B. Bjåen.jpg
Knut 1986.
Foto: Kommunearkivet Bykle/Lokalhistoriewiki
Født: 8. april 1933
Død: 14. november 2021 (88 år)

Knut Bjørgulvsson Bjåen (fødd 8. april 1933, død 14. november 2021) budde på Bjåen. Han var fødd og oppvaksen der og var landpostbud i over 40 år. Han styrte og telegrafstasjon og dreiv hytteutleige ved sida av gardsdrifta. I tillegg passa han på målestasjonen for Meteorologisk Institutt og hadde ansvar for brøytinga av den kommunale vegen på Bjåen. Om vinteren sette han rypesnarer og fekk 25-30 ryper i snarene kvar dag. Desse leverte han hjå handelsmann Knut Vågslid på Edland. I 1958 opna han som turistvert på garden på Bjåen.

Knut var gift med Gunnhild Bjåen. Foreldra hans var Bjørgulv Knutsson Bjåen (f. 1888, d. 1962) og Sigrid Hallvardsdotter Bjåen (f. Bjørgum 1908, d. 1940). Han etterlet seg barna Bjørgulv Bjåen og Mikal Bjåen, svigerbarn, barnebarn og øvrig familie. Gravferda var frå Fjellgardane kyrkje fredag 26. november 2021 klokka 13. Kjærare enn blomar var ei gåve til Open Heart.

Kjelder

Eksterne lenker