Klepsåna

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. januar 2017 kl. 23:29 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Klepp)
Hopp til navigering Hopp til søk
Klepsåna ved utlaupet i Otra nær garden Klepp. Foto: Geir Daasvatn

Klepsåna er ei lita elv lengst sør i Evje og Hornnes kommune. Ho tek til i grensa mellom Evje og Iveland, om lag ved Liegruva, og renn ut i Otra ved garden Klepp.

Gamle folk skal ha kalla elva Varna, og dette namnet er også framhalde som det rette i eit lite orienteringshefte som Torvald Haavardstad skreiv i 1942 om topografi og busetnadsstruktur i dåverande Evje kommune. Også Oddmund Mogstad meiner namnet opphaveleg har vore Varna.

Knapt noko elv i Evje og Hornnes har gjennom tidene hatt så mange kverner og sager som Klepsåna.

Kjelder

Ekstern lenke

Kart

Laster kart...