Kleivegrend
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kleivegrend er ein av dei tre delane Åraksbø i Bygland naturleg fell i. Dei to andre er Bygda og Gardan. Kleivegrend ligg på austsida av Hovassåni, aust for Nordenå, i dei bratte kleivene nord for Bygda. Her ligg gardsbruka Gausi, Heggtveit og Lidi. Gausi høyrer til Søndre Haugen, Heggtveit til Eldhuset og Lidi til Nedstoga. Gausi har eingong, truleg tilbake i mellomalderen, vore eigen gard.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 226, 1. spalte