Karstein Lie

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Karstein Lie
Karstein Lie.jpg
Født: 27. februar 1928
Død: 6. august 2015 (87 år)

Karstein Lie (fødd 27. februar 1928, død 6. august 2015) var tidlegare ordførar i Iveland kommune. Han budde på Frøyså i Iveland kommune. Då han døydde, var han enkemann. Han etterlet han seg barna Bernt Lie, Toralv Frøysaa Lie og Hans Lie, svigerdatter, barnebarn og annan familie. Gravferda var frå Iveland kyrkje torsdag 13. august 2015 klokka 13.

Han vart fødd i Øvrebø og vaks opp i eit bygdemiljø. I 1956 gifta han seg med Malli Frøysaa og flytta til garden ho kom frå. Etter nokre år som bonde tok han til som produksjonsrettleiar i meierisamvirket attåt drifta av garden. Då reiste han over heile Agder og noko av nabofylka. I ein periode var han og timelærar på Vest-Agder landbruksskole i Søgne. Garden vart overført til den eldste sonen då Karstein Lie vart pensjonist. I 1994 døydde Malli. Som pensjonist tok han i 1998 til å studere historie ved Høgskulen i Telemark, avdeling Bø og tok både grunnfag og mellomfag. Han studerte også arkeologi.

Offentlege verv:

  • Kommunestyret (Sp) i 16 år i perioden 1968 – 1999
  • Ordførar i perioden 1972 – 1979
  • Leiar, Eldrerådet 2003 – 2007
  • Leiar, Kontrollutvalet 1993 – 1995

Karstein Lie var med i Iveland sokneråd i perioden 1966-2001, både som leiar, nestleiar og medlem. I hans tid vart Iveland kyrkje restaurert. Han var også aktiv i heidring av Torkel Guttorm Rossås, misjonær på Madagaskar. Statue vart sett opp utafor Iveland kyrkje og i Tananarive.

Karstein Lie engasjerte seg i Iveland og Vegusdal bygdemuseum, der han i lang tid var styreleiar og tok seg av den daglege drifta. Han sat og i redaksjonskomiteen for Bygdebok for Iveland V, der han særleg arbeidde med biletmaterialet.

Kulturprisen 2010

I 2010 fekk han kulturprisen. Juryen si grunngjeving var slik: «Han har i en årrekke vist et betydelig engasjement på flere kulturområder, bl.a.: Museumsdagen i Fjermedalen. Her har Karstein gjort en stor innsats i planlegging og gjennomføring av dagen. Han har ledet og organisert selve dagen, han har skaffet skuespillere til ulike historiske spel som har vært framført og han har selv medvirket i ulike roller. Han har vært styreleder av Iveland og Vegusdal museumslag i mange år.

Iveland IV Okkupasjon 1940 –45. Sammen med Salve Øina og tre andre var Karstein redaktør for utgivelsen av okkupasjonshistorien for Iveland og nedla et betydelig arbeid. Gjennom denne boka har Karstein Lie vært med på å sikre kunnskap om en svært viktig periode også lokalhistorisk. Karstein har vært med på en rekke andre kulturhistoriske prosjekt, bl.a. innsamling av fotomateriale fra gamle dager, registreringsarbeid av gamle møller og kverner i Iveland. Karstein har også vært aktiv i det kirkelige arbeidet i Iveland, og han har vært ordfører.»

Kjelder

Eksterne lenker