Kari Margrete Okstad

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Kari Margrete Okstad
Født: 15. mars 1959
Død: 24. juli 2020 (61 år)

Kari Margrete Okstad (fødd 15. mars 1959, død 24. juli 2020) budde på Helle. Ho etterlet seg mannen Gunnar Stubseid, mora Anna Okstad og broren Otto Okstad, svigerbarn, bonusbarn og annan familie. Gravferda var frå Austad kyrkje og Austad gamle kyrkjegard torsdag 6. august 2020 klokka 13. Grunna koronarestriksjonar var den bare for den næraste familien. Like kjært som blomar var ei gåve til Kreftforeningen.

Liv og virke

Interessa for folkedans hadde ho med seg frå barndomstida i Namsos der ho alt i 14-årsalderen var medlem i folkedanslaget. Ho deltok på instruktørkurs og i 1980 vart ho tilsett som reiseinstruktør i ungdomslaga i Nord-Trøndelag. Sidan engasjerte ho seg som frivillig i leikrådet og frå 1987 til 1992 var ho lærar på landsdekkande instruktørkurs i Noregs Ungdomslag i fem år.

På 1990-talet vart Kari Margrete Okstad tilsett ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans. På 2000-talet vart ho ein viktig del av Ole Bull-Akademiet og var leiar av Osa-festivalen.

Bibliografi

Medforfattar av
  • Nordisk folkedanstypologi 1997
  • Norden i dans 2007

Heider

  • Heidersmedlem i FolkOrg 2015
  • Æresmedlem i Setesdal Spelemannslag 2020

Kjelder