Jolemessa på Rysstad

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Jolemessa på Rysstad vart arrangert første gongen i 1983. Det var Ragnar Aas og misjonsfolk på Evje som tok initiativet til messa. Mange stader går slike messer over to dagar, men jolemessa på Rysstad går over ein dag midt i novemer. Målet er å samle inn pengar til misjonsarbeidet ved å ha åresal og sal av handarbeid og mat. Før jolemessa på Rysstad er det også loddsal på bøker rundt om i regionen.

Ved å legge jolemessa for Setesdal til Hylestad soknehus kunne misjonsfolk frå heile regionen møtast om lag midt i dalen. Den første tida var det sett opp buss frå Evje, seinare ordna folk seg med felles transport i privatbilar. Parkeringsplassen utanfor sokneshuset vart stappfull av bilar, så det måtte parkeringsvakter til for å få til god organisering.

Misjonssambandet hadde alt sidan midt på 1950-talet hatt julemesser rundt om i landet. Agder krets starta med julemesse i Kristiansand i desemmber 1956. Då var det Birgit Svindland som tok initiativet.

Kjelder

  • Artikkel om julemesse i nlm-leksikon
  • Tallak Hoslemo opplyste om kva tid jolemessa på Rysstad starta