John T. Dåsvatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. august 2017 kl. 10:24 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Fødsels- og dødsår for Gunhild Skripeland)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
John T. Dåsvatn
John T. Dåsvatn med dotter Torborg og kona Anna.jpg
John T. Dåsvatn med dottera Torborg og kona Anna.
Foto: Privat
Født: 1. mars 1870
Død: 12. oktober 1964 (94 år)

John T. Dåsvatn (fødd 1870, død 1964) var småbrukar i KlevenØvre Dåsvatn i Hornnes og vegvaktar i Dåsvannsdalen. Han var gift med Anna S. Dåsvatn (fødd Ose). Dei hadde borna Tomas Daasvatn, Tora Kjetså, Marie Vika , Gunhild Skripeland (f. 1903, d. 1969) og Torborg Uleberg. Foreldra til John var Tomas Johnson Tønnesland-Espetveit-Dåsvatn og Tora Johnsdotter Dåsvatn (fødd Kjetså).

John vaks opp på Espetveit i Hornnes. Rundt 1880 flytta familien til Støylen. I 1891 kjøpte foreldra småbruket Kleven på Øvre Dåvatn. John og Tora flytta heim og overtok småbruket då begge foreldra døydde i 1926. Bruket var ikkje stort. Utmarka og slåttemarka var bratte og tungdrevne. I tillegg til gardsdrifta hadde John jobb som vegvaktar for vegstykket mellom Staven på grensa til Åseral og Våebrua ved Støylen i Dåsvannsdalen. Han fekk betaling for 100 arbeidsdagar på vegen. Han var også aktiv i lokalpolitikk, og sat fleire år i kommunestyret i Hornnes.

Kjelder

  • Torleiv Vika, Våre røter - Kleven Øvre Dåsvatn, trykt hefte (privat)